hvit-nm-2022.png
 
 
 

DIMNA IL   "Nær havet – nær verda.”

SLIK REISER DU TIL ULSTEINVIK

TOG
Det går tog frå Oslo og Trondheim til Åndalsnes. Frå Åndalsnes er der buss til Ålesund. Frå Ålesund tar du Hurtigbåt til Hareid der det er bussforbindelse til Ulsteinvik. 

BUSS
For dei som vil reise med buss så går det Ekspressbuss til/frå Ulsteinvik frå Oslo og Bergen.

Bussruter for lokal rutebuss finn du her.

BIL
Kjem du med bil frå t.d. Oslo kan på Otta velje om du vil reise over Strynefjellet til Stryn og Ulsteinvik, eller om du vil køyre gjennom Romsdalen til Åndalsnes og vidare mot Ulsteinvik.
Raskaste vegen er å køyre via Stryn. Køyrer du den andre vegen blir det ei ferje – det slepp du om du køyrer via Stryn. Ein køyretur frå Oslo til Ulsteinvik vil ta 8 timar (57 mil via Stryn).
Frå Bergen er det også greitt å køyre. Du bør rekne 5-6 timar frå Bergen til Ulsteinvik (35 mil).

HURTIGBÅT HAREID–VALDERØY–ÅLESUND
Valderøya er haldeplass for flybussen til/frå Vigra. 

Her finn du link til hurtigbåtruta 

FLY
Vil du reise til Ulsteinvik med fly kan du velje mellom to flyplassar. Ålesund Lufthamn, Vigra og Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden.

Ørsta/Volda Lufthamn er ein småflyplass der Widerøe har fleire direkteruter. Frå flyplassen er det berre 30 min. med bil til Ulsteinvik og Ulsteinhallen. Til Ålesund Lufthamn flyr både SAS og Norwegian.

Reise til Ulsteinvik frå Ålesund lufthavn, Vigra:

Alternativ 1:
Buss frå flyplassen til hurtigbåt på Valderøya (10 min).
Denne hurtigbåten går til Hareid (20 min).
Frå Hareid er det 10 min. med buss til Ulsteinvik.

Alternativ 2:
Bil til Sulesund (40 min)
Ferje frå Sulesund til Hareid (25 min)
Bil frå Hareid til Ulsteinvik (10 min)


WESTAUTO AS - BUSSTRANSPORT

Westauto AS held til i Ulsteinvik og har fleire bussar og minibussar til utleige. Dei kan gi tilbud til små eller større grupper som treng transport til/frå NM-hallen.  Meir informasjon på www.westauto.no

Send ein mail eller ring Torbjørn Knotten på Mob. +47 90 11 30 35 / Epost: torbjorn@knotten.com

  
     
INNANDØRS MEISTERSKAP I FRIIDRETT 2017, ULSTEINVIK
DESIGN & CMS LØYSING: OSBERGET AS