nm_2017_logo_kvit.png
 
 
 

DIMNA IL   "Nær havet – nær verda.”

UTØVARINFORMASJON

STEMNEKONTOR

Dette finn du i 2. etasje i Ulsteinhallen

OPNINGSTIDER STEMNEKONTOR

Torsdag 5. mars

Kl. 18.00 til kl. 21.00 for utdeling av startnummer

Fredag 6. mars

Kl. 12.00 til kl. 21.00

Laurdag 7. mars

Kl. 08.00 til kl. 19.00

Søndag 8. mars

Kl. 07.30 til kl. 16.00

LISENS

Berre utøvarar som har betalt lisens for 2015 får starte i UM

SKO OG PIGGAR

Det er berre lov med 6 mm butte piggar. Piggar kan kjøpast på stemnekontoret for kr 5,- pr. stk. Det er berre lov med reine joggesko/innesko inne i hallen.

STARTNUMMER 

Startnummer vert utdelt lagvis på stemnekontoret. Merk at det skal brukast startnummer både på front og rygg.

Unnatak for dei som deltar i høgde og stav. Der er det valfritt om ein vil bruke eitt eller to startnummer.

Startnummer for stafett er merka med etappenummer. Det er viktig at rett startnummer vert brukt på rett etappe.

OPPROP/AVKRYSSING

Opprop skjer i opprops-sekretariatet i 2. etasje, til venstre når du kjem opp trappa. Krav om personleg frammøte, seinast ein time før øvinga startar.

Konkurransedrakt med startnummer – framme og bak - må visast. Det vert også kontroll av piggsko under oppropet.

Ved opprop for stafett møter lagleiar. Det er berre mulig å møte til opprop til dagens øvingar. Unnatak for øvingane som startar mellom kl. 09.30 og 10.00 på søndag. I desse øvingane er det høve til å møte til opprop laurdag.

Det blir opprop berre ein gong per øving. Dersom det i ei øving har vore kvalifisering/semifinale møter deltakarane direkte til innmarsj.

INNMARSJ

Det vert samla innmarsj til kvar øving. Frammøte i garderoba til venstre for hovudinngangen i 1. etasje. Tidene for innmarsj går fram av tidsskjemaet. Vi anbefaler utøvarane å møte til innmarsj i god tid for kontroll av piggsko og startnummer.

Utøvarar som er opptekne med andre øvingar og derfor ikkje kan møte til innmarsj, må gi melding om dette til funksjonærane ved innmarsj (lagleiar kan gi denne meldinga).

ELEKTRONISK UTSTYR

Det er ikkje lov å ta med elektronisk utstyr inn på konkurranseområdet. Som elektronisk utstyr vert regna mobiltelefon, mp3-spelar / ipod, videokamera, radio etc.

GARDEROBAR

Garderobar finn du i 1. etasje. Arrangøren kan ikkje ta ansvar for det som vert oppbevart i garderoben.

BAGASJEROM

Fredag og søndag er det mange som har med mykje bagasje til hallen. For at tribunene ikkje skal bli fylt opp med bagasje vil vi ha eige bagasjerom i 1. etasje (ved garderobane) desse dagane.

OPPVARMING

Det vil bli mulig å varme opp innandørs i fotballhallen (Ulsmohallen) som ligg inn til Ulsteinhallen. Vi kan også anbefale oppvarming på Høddvoll (friidrettsstadion) som ligg 50 m frå hallen. 

KONTROLL KASTREISKAP

Kun utandørskuler skal nyttast. Utøvarar som ønsker å bruke eiga kule, må levere denne til øvingsleiaren etter innmarsj for kontroll. Godkjent privat kastreiskap kan nyttast av alle utøvarane.

TILGJENGE TIL BANEN

Trenarar har tilgjenge til avgrensa områder rundt løpebanen. Sperringar må respekterast. Tilgjenge berre med innesko.  

LØP

Det er direkte finalar i kappgang og i løp 400 m og lengre.

På 200m er det utøvarane med dei seks beste tidene i forsøket, som går til finale. For å gi best mulig forhold på 200 m, vil vi bruke bane 3 til 6 i forsøksheata. Unntaksvis kan bane 2 også brukast for å få  heata til å gå opp. 

På 60m og 60m hekk gjeld tabellen under for vidare avansement.

9-16 deltakarar

2 forsøksheat

2 beste i kvart heat + 4 beste tider til finale.

17-24 deltakarar

3 forsøksheat

2 beste i kvart heat + 2 beste tider til finale.

25-32 deltakarar

4 forsøksheat

2 beste i kvart heat + 8 beste tider til finale.

2 semifinalar: 4 beste i kvart semifinale til finale.

33-40 deltakarar

5 forsøksheat

2 beste i kvart heat + 6 beste tider til finale.

2 semifinalar: 4 beste i kvart semifinale til finale.

41-48 deltakarar

6 forsøksheat 

2 beste i kvart heat + 4 beste tider til semifinale.   

2 semifinalar: 4 beste i kvart semifinale til finale.

49-56 deltakarar

7 forsøksheat

2 beste i kvart heat + 10 tider til semifinale.            

3 semifinalar: 2 beste i kvart semifinale + 2 tider til finale.

 

STAFETTAR

Namn og etappefordeling skal leverast skriftleg på eige skjema til stemnekontoret seinast 1,5 time før øvingstart. Skjema får du på stemnekontoret.

HOPPHØGDER (HØGDE)

J15

1,30

1,35

1,40

1,45

1,50

1,55

1,58

+ 2 cm

J16

1,35

1,40

1,45

1,50

1,55

1,58

+ 2 cm

 

J17, J18/19, J20/22

1,40

1,45

1,50

1,55

1,60

1,64

+ 2 cm

 

G15

1,45

1,50

1,55

1,60

1,65

1,70

1,74

+ 2 cm

G16

1,50

1,55

1,60

1,65

1,70

1,75

1,79

+ 2 cm

G17

1,60

1,65

1,70

1,75

1,80

1,84

+ 2 cm

 

G18/19, G20/22

1,65

1,70

1,75

1,80

1,84

+ 2 cm

 

 

 

HOPPHØGDER (STAV)

Alle jenteklasser

2,00

2,10

2,20

2,30

2,40

2,50

+10cm

 

 

G15

2,20

2,30

2,40

2,50

2,60

2,70

2,80

+10cm

 

G16

2,50

2,60

2,70

2,80

2,90

3,00

3,10

3,20

+10cm

G17

2,60

2,70

2,80

2,90

3,00

3,10

3,20

3,30

+10cm

G118/19, G20/22

2,80

2,90

3,00

3,10

3,20

3,30

3,40

3,50

+10cm

 

TEKNISKE ØVINGAR 
I kast og horisontale hopp får deltakarane tre forsøk. Dei åtte beste går deretter vidare til finale med tre nye forsøk.

For finaleomgangane vert rekkefølga endra i tråd med konkurransereglane. Unnatak frå dette er lengde for jenter 15 år. Her er det så mange påmelde at det vil, i hht. NM-reglementet, bli arrangert kvalifisering på laurdag formiddag og finale laurdag ettermiddag.

Kvar hoppar får inntil 3 hopp i kvalifiseringa. Kvalifiseringsgrensa vert sett til 5,00 m. Ein utøvar som klarer kvalifiseringsgrensa i 1. eller 2. omgang skal ikkje hoppe dei resterande hoppa.

Minimum 12 utøvarar går til finalen, som vert avvikla ved at kvar utøvar får tre forsøk. Dei åtte beste får deretter ytterligare tre forsøk.

PREMIEUTDELING

Det blir gjennomført premieutdeling i puljer utover i stemnet. Det går fram av tidsskjemaet når det blir premieutdeling i dei ulike øvingane.

Alle som skal ha premie møter til innmarsjområdet for premieutdeling, til det tidspunktet som er oppgitt på tidsskjemaet. Oppmøtestaden er i svingen bak stoppmatta på 60 m. Det vert delt ut tre medaljar i kvar øving, når det er minst tre deltakarar i øvinga.

PROTESTAR – REGEL 146

Frist for å legge inn protest er 30 minutt etter at resultatlista er slått opp. Protesten skal leverast på stemnekontoret. Protestgebyret i UM er kr 250, som skal betalast kontant samstundes med innlevering av skriftlig protest. 

RESULTAT OG STREAMING 

Resultata vert publisert fortløpande på www.nmdimna.no, og på oppslagstavler i 2. etasje. UM vil bli streama på internett  –  sjå meir info om dette på heimesida. 

KIOSK

Du finn kiosken i 2. etg i Ulsteinhallen. Det blir i tillegg sal av mat i kantina på Ulstein vidaregåande skule. Inngang via gangbrua i enden av hallen. Det er ikkje lov med mat på banen eller tribunen.

PÅmeldingsfristen er utsett

På grunn av stenging av SportsAdmin for vedlikehald 24.02.15, vert påmeldingsfristen utsett ein dag.

Norges idrettsforbund stenger SportsAdmin for vedlikehald tirsdag kveld (24.02). Påmeldingsfristen til UM går eigentleg ut denne kvelden, men på grunn av stenginga vert påmeldingsfristen utsett ein dag, til 25.02.2015.

UM-reglementet

Norges Friidrettsforbund sine reglar og retningsliner for ungdomsmeisterskap. 

Last ned UM-reglementet her

Startkontingent og lisens

Må vere betalt før uthenting av startnummer / deltaking i UM

Startkontingent pr. start:  kr. 200,-
Pr. Stafettlag:  kr. 500,-
 
Betal til kontonummer: 3910 51 50486
 

KVALIFISERINGSKRAV UM 2015

Her er kvalifiseringskrava for 200 m og 400 m som forbundet no har fastsett. Krava kan vere oppnådd utandørs og innandørs.

  200 m 400 m
J15 28,80  
J16 28,40  
J17 28,20 65,99
J18/19 27,99 64,99
K20/22 27,99 64,99
G15 26,25  
G16 25,75  
G17 25,25 56,99
G18/19 24,99 55,99
M20-22 24,99 54,99
Tussa

Sparebanken

Sparebanken

INNANDØRS MEISTERSKAP I FRIIDRETT 2017, ULSTEINVIK
DESIGN & CMS LØYSING: OSBERGET AS